lørdag, februar 25, 2012

Smokkeguten

Og så ville Brage brått ha smokk likevel...


video

Besøk av Martine

I vinterferien kom Martine på besøk i nokre dagar. Det var veldig kjekt! Ho er ikkje særleg kravstor, og hadde ikkje mange planar for opphaldet, men vi farta litt rundt på dagtid, gjekk på kafé og gjekk turar med Allegra og Brage, og kosa oss med snop, filmar og god mat på kveldane. Siste kvelden laga vi sushi - masse sushi!

Den store barnedåpen

29. januar hadde vi barnedåp for Brage. Eg har ikkje blogga om det tidlegare, først og fremst fordi vi ikkje har fine bilete å vise fram. Vi tok to bilete med mobilen heile dagen, og dei vart ikkje særleg bra.

Men det var utrulig kjekt å feire dåp med familie og slekt. Mange kom, og vi kosa oss på Ulven. No når vi skal flytte frå Oslo er det kjekt å ha arrangert dåp her - no har liksom Brage også ei slags tilknytting, ikkje berre til Ullevål, men også til Ulven.

Vi juksa forresten litt og fann fram dåpskjolen helga etter dåpen og og tok nokre bilete. Her er den lille skjønne i kjolen sin :)

onsdag, februar 22, 2012

Martine i vårsol

Vi har besøk av Martine denne veka, og i går var vi ute ein tur og kunne nyte ein tidleg vårdag.


fredag, februar 17, 2012

Vår snart?

Sola varmar og smeltar snøen på vegane. Vår i lufta? Tør eg håpe?