lørdag, februar 25, 2012

Den store barnedåpen

29. januar hadde vi barnedåp for Brage. Eg har ikkje blogga om det tidlegare, først og fremst fordi vi ikkje har fine bilete å vise fram. Vi tok to bilete med mobilen heile dagen, og dei vart ikkje særleg bra.

Men det var utrulig kjekt å feire dåp med familie og slekt. Mange kom, og vi kosa oss på Ulven. No når vi skal flytte frå Oslo er det kjekt å ha arrangert dåp her - no har liksom Brage også ei slags tilknytting, ikkje berre til Ullevål, men også til Ulven.

Vi juksa forresten litt og fann fram dåpskjolen helga etter dåpen og og tok nokre bilete. Her er den lille skjønne i kjolen sin :)

0 kommentarer: